NRK Vestland, 23.05.20

Norske bærplukkarar får både lønn og trygd

Norske bærplukkarar får både lønn og trygd

Stimuleringspakke gjer at norske bærplukkarar kan få lønn og trygd på same tid. – Diskriminering på det verste, seier Fellesforbundet. – Denne type forskjellsbehandling er ikkje bra, seier Eystein Reme, som er bærbonde i Innvik. Han skjøner det godt om dei utanlandske arbeidarane synest det er «demotiverande» å få dårlegare betalt enn sidemannen.

– Det er urettferdig at nordmenn skal få betre betalt når vi gjer den same jobben. Vi plukkar også mykje raskare fordi vi har jobba over mange sesongar. Det har ikkje nordmennene, seier den polske bærplukkaren Mateusz Sak Maziarz.

Avdelingsdirektør i Nav Vestland, Frode Storvik, forsvarar ordninga og seier at ho allereie har freista fleire nordmenn ut i åkeren. I likskap med landbruks- og matministeren peiker han på at tariffbetalinga i bærbransjen er vesentleg lågare enn det dei permitterte har i løn til vanleg. – Norsk arbeidskraft som går over i bærbransjen skal ikkje tape på å jobbe der, seier Storvik.

Les hele saken: Staten vil betale nordmenn dobbelt for å plukke bær (NRK Vestland, 23.05.20)

Relaterte temaer

Relaterte temaer

Relaterte nyheter

Nationen, 18.05.20
Adresseavisen Midtnorsk debatt, 13.05.20

Forrige/neste