Skip to main content
 

FHI med knusande rapport etter stort smitteutbrot blant utanlandske arbeidarar på skipsverft

14. desember 2020

Kommunikasjonssvikt og uavklart ansvarsfordeling. Folkeheleinstituttet (FHI) sin rapport etter det store koronautbrotet på verftet i Hyllestad er knusande. Kritikken går særleg på problem med informasjonsflyten til gjestearbeidarane.

I alt 131 personar blei smitta under utbrotet i kommunen med berre litt over 1300 innbyggjarar. Majoriteten av dei som blei smitta var frå Polen, men inkluderte også personar frå Romania, Noreg og andre land.

På verftet var det i tillegg til dei fast tilsette ei rekke underleverandørar, og underleverandørar av dei igjen.

– Eg kan ikkje sei at eg er veldig overraska. Det er vanskeleg for ein kommune å ha ei oversikt over arbeidarar, seier Hyllestad-ordførar Kjell Eide (Ap).

Små kommunar med større verksemder kor dei nyttar seg av gjestearbeidarar er spesielt sårbare under større utbrot på arbeidsstaden, skriv FHI.

Verftsleiar Erlend Hatleberg vil ikkje kommentere kritikken før han har fått lest rapporten.

Les hele saken: FHI med knusande rapport etter stort smitteutbrot på skipsverft (NRK Vestland, 14.12.20)

 

Se også innslaget: FHI med kraftig kritikk av skipsverft (NRK Dagsrevyen, 14.12.20)
Det store korona-utbruddet på et skipsverft i Hyllestad i Sogn ble dårlig håndtert, ifølge Folkehelseinstituttet. Helseminister Bent Høie er i studio til NRK Dagsrevyen.

Relaterte temaer

 
Nyhet