Skip to main content
 

30 gjestearbeidarar har fått påvist koronasmitte i Vestnes

11. januar 2021

Det er frykt i skipsbyggarkommunen Vestnes for at utanlandske gjestearbeidarar skal spreie koronasmitte. 30 testa positivt på covid-19, sjølv om dei har dokumentasjon på negativ test før avreise. Kommunenen ber utanlandske arbeidarar om å droppe å gå i butikken under innreisekarantene

Dei siste dagane har om lag 1000 utanlandske arbeidarar kome heim frå juleferie. Desse sit i karantene, men ifylgje nasjonale retningsliner kan dei gå i butikken eller ut i naturen, så lenge smittevernreglane blir følgt.

Verftskonsernet Vard har 800 arbeidarar som har kome frå utlandet. Kommunikasjonssjef i Vard, Hege Akselvoll, seier at dei har innført strengare tiltak enn dei nasjonale reglane.

Vi ser at det blir spekulert i om dokumentasjonen frå heimlandet er falske. Så langt har vi ikkje avdekt falske testar, seier Akselvoll. Ho trur at arbeidarane kan ha blitt smitta på reisa.

Ordførar Lien synest næringslivet gjer ein god jobb med å hindre smitte og at dei tar smittevernreglane seriøst. Sjølv skulle han ynske at industrien ikkje var så avhengige av utanlandske arbeidarar.

Les hele saken: Ber utanlandske arbeidarar i karantene om å droppe butikken (NRK Møre og Romsdal, 11.01.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet