Skip to main content
 

Sysselsettinga blant innvandrarar gjekk svakt ned i 2024

06. mars 2025

Nedgangen blant sysselsettingsandelen blant innvandrarar heng mellom anna saman med at det framleis er stor innvandring frå Ukraina. Trass i at prosentdelen gjekk litt ned, var det 15 300 fleire innvandrarar i jobb i 4. kvartal 2024 enn året før. I befolkninga elles var det ein nedgang på om lag 4 500 sysselsette.

christoffer berge– Innvandrarane bidrog dermed til ein netto auke på om lag 10 800 sysselsette totalt i aldersgruppa 20-66 år i 2024. Dette er ei trend vi har sett over lengre tid, seier Christoffer Berge, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå, og legg til at ukrainarane stod for over halvparten av auken blant innvandrarane.

Innvandrarar frå Europa utanfor EU hadde den største auken i andel sysselsatte, på 2,7 prosentpoeng. Den største nedgangen var blant innvandrarar frå dei nye EU-landa etter 2004, der andelen sysselsette fall med 2,3 prosentpoeng.

67,7 prosent av innvandrarane i alderen 20-66 år var sysselsette i 4. kvartal 2024. I resten av befolkninga var 79,7 prosent i arbeid.

Framleis er det gruppa frå Europa utanfor EU som har den lågaste andelen sysselsette, på 54,2 prosent.

– Dette heng saman med den store andelen ukrainske flyktningar med kort butid i denne gruppa, seier Christoffer Berge.

Det kan leggast til at innvandrarar har noko lågare andel i heiltidsstillingar enn sysselsette elles, høvesvis 74,5 mot 79 prosent – rekna i prosent av dei som er sysselsette i kvar gruppe. Men det er forskjellar mellom innvandrarar. Dei frå Asia, Afrika har 69,3 prosent som jobbar heiltid, medan dei frå EØS-landene ligg på 80,3 prosent.

Nyhet