Innvandrarar frå EU-landa (både før og etter 2004) hadde ein nedgang på litt under 2 prosentpoeng kvar frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025, medan det var heilt marginale endringar blant dei frå Afrika og Asia. Gruppa frå Europa utanom EU/EFTA hadde den største auken, på 4 prosentpoeng. Men dei har framleis den lågaste sysselsettingsandelen blant innvandrarane, på 58,3 prosent.
Innvandrarane bidrog til auke i talet på sysselsette
Sjølv om prosentdelen sysselsette gjekk svakt ned, var det likevel ein auke i underkant av 11 000 sysselsette blant innvandrarane frå 2024 til 2025. Av dei var 7 100 frå Ukraina. I befolkninga utanom innvandrarane var det ein nedgang på 6 900 sysselsette. Innvandrarane bidrog dermed til ein netto auke på omtrent 4 000 sysselsette totalt i heile befolkninga. Dette er ein trend vi har sett over lengre tid.