Skip to main content
 

Skipsverfta til Vard brukar fleire hundre tusen i veka på testing av utanlandske arbeidarar

27. oktober 2020

På skipsverfta til Vard blir det snakka både polsk, rumensk og italiensk. For å få bygd båtane er verfta heilt avhengige av utanlandske arbeidarar. Men det kostar. Berre sidan august har konsernet brukt over 45 millionar kroner på koronapandemien. No etterlyser næringa meir pengar.

– Smitteverntiltaka har vore kostbare for oss lenge. Og for kvar arbeidar som no må sitte lenger i karantene vil det føre til ekstra kostnadar for oss, seier Hege Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i Vard.

Ho etterlyser meir pengar til skipsnæringa.

Også ved Ulstein verft er ein avhengig av arbeidskraft frå andre land.

Halvparten av dei 600 tilsette er utanlandske. Også dette verftet har allereie kravd to negative testar før arbeidarane kjem ut i jobb. Med innskjerpinga frå regjeringa betyr det at leigearbeidarar frå raude land må sitte litt lenger i karantene. Dette betyr ekstra kostnader.

Les hele saken: (NRK Møre og Romsdal, 27.10.20)

Relaterte temaer

 
Nyhet