Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea trur at fallet for den norske krona kan få enorme følgjer for den norske fiskeindustrien. – For fiskeflåten var dette ei redningsbøye, men for norsk fiskeindustri kan eit slikt kursfall på lengre sikt medføre at det ikkje lenger lønner seg for polakkar og arbeidarar frå baltiske land å reise til Noreg for å jobbe, seier han til Fiskeribladet.