NRK Vestland, 27.12.21

Polske arbeidarar pakkar og reiser heim frå Noreg

Både industri og byggjenæring opplever tørke i arbeidskraft frå Aust-Europa. Det er ikkje berre grunna pandemien, fortel den polske røyrleggjaren Wojciech Persinski. Jon Erik Dølvik i Fafo har forska på arbeidsinnvandring i mange år. Han meiner det som skjer no er bra for arbeidstakarane.

– Eg trur me går inn i ein fase der det er seljar sin marknad på arbeidsmarknaden i Europa. Det er bra, for me har hatt ein periode der arbeidskraft har vore falbydd til ekstremt låge kostnadar under ekstremt dårlege vilkår. Så det er på høg tid at arbeidstakar sin stilling vert styrkt, seier Dølvik.

Ifølgje ein artikkel fra Fafo-prosjektet «Fag på vandring» har både utdanning og lærlingprogram i byggjebransjen i Polen fått eit oppsving dei siste åra.

Jørgen Leegaard, direktør for samfunnspolitikk i Byggenæringens Landsforening, får tilbakemeldingar om at færre frå Aust-Europa vil til Noreg.

Direktør for Norsk Industri, Stein Lier-Hansen, seier det same som Leegaard.

– Dei siste åra har lønene stige mykje i land me tidlegare har henta arbeidskraft frå. Då ynskjer mange å heller å jobba i heimlandet, i staden for å reisa til Noreg, seier han.

Les hele saken: Polske arbeidarar pakkar og reiser heim frå Noreg (NRK Vestland, 27.12.21)


Relaterte publikasjoner


Hvor vi er

Besøksadresse: Borggata 2B,
Grønland, Oslo.
Kart

Fafo Østforum

Prosjektleder og web-redaktør:
Anne Mette Ødegård

Prosjektmedarbeidere:
Alf Tore Bergsli og Tina Østberg

Kontakt redaksjonen: Epost

logo fafo 194x64

Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
Tlf: (+ 47) 22 08 86 00
Daglig leder: Tone Fløtten

Copyright © 2022 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli, programmering: Ørnulf Bratlie