Petroleumstilsynet meiner Kaefer Energy har gjennomført alvorlege brot på innleigereglane i arbeidsmiljølova

  • 09. august 2021

Fellesforbundet-klubben i Kaefer Energy har i mange år meint at innleiga frå bemanningsbyrå er ulovleg. No konkluderer Petroleumstilsynet med alvorlege lovbrot i bedrifta.

Det kjem fram i ein rapport frå slutten av juni, etter eit tilsyn med innleiga i Kaefer Energy AS i april og mai

Petroleumstilsynet meiner funna i tilsynet tilseier at Kaefer har eit permanent behov for delar av dei innleigde.

Kaefer Energy – ein del av det tyskeigde, globale konsernet Kaefer Isoliertechnik – leverer tenester innanfor isolasjon, stillas og overflatebehandling (ISO) på petroleumsanlegg offshore og på land.

Mellom 60 og 70 prosent av innleiga skjer frå Kaefer-konsernet sitt eige norskregistrerte polske bemanningsbyrå, Global Works Spolka Zoo, som Kaefer Energy har hovudansvar for.

Petroleumstilsynet og Arbeidstilsynet fekk frå 1. juli 2020 moglegheit til å drive tilsyn med reglane for innleige frå bemanningsbyrå.

Innleige frå bemanningsbyrå er berre lovleg når arbeidet er av mellombels karakter eller eit vikariat. Opposisjonen på Stortinget skjerpa inn desse reglane frå 1. januar 2019.

Les hele saken: Petroleumstilsynet meiner Kaefer Energy har gjennomført alvorlege brot på innleigereglane i arbeidsmiljølova (FriFagbevegelse, 09.08.21)

 
Nyhet

Besøk oss

Borggata 2B,
Grønland, Oslo.
Kart

Fafo Østforum

Prosjektleder og web-redaktør:
Anne Mette Ødegård

Prosjektmedarbeidere:
Alf Tore Bergsli, Johanne Stenseth Huseby og Tina Østberg

Kontakt redaksjonen: Epost

logo fafo 194x64

Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
Telefon: 22 08 86 00
Daglig leder: Tone Fløtten


Copyright © 2023 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli | Programmering: Ørnulf Bratlie