Skip to main content
 

Karrieresenter fekk Kateryna i jobb som lege: – Det er draumen min å få lov å jobbe

21. november 2025

Kateryna Maidenko, ein ukrainsk augelege, fekk hjelp av Karrieresenteret på Haukeland til å få jobb som augelege i Noreg. Karrieresenteret har hatt gode resultat og er no gjort permanent.

Då Kateryna flykta til Noreg for tre år sidan var det vanskeleg å få brukt ekspertisen.

– Språket har vore vanskeleg. Så er det mykje byråkrati. Det er vanskeleg å få godkjend utdanninga, fortel Kateryna Maidenko.

Ho er nå augelege på Haukeland. Det hadde truleg ikkje gått utan hjelp frå sjukehuset sine karriere­spesialistar.

For to år sidan etablerte Helse Bergen pilotprosjektet Karrieresenteret. Oppgåva til senteret var rett og slett å få fleire i arbeid.

Det kan vere utanlandske fagfolk som manglar den formelle kompetansen eller språk-kunnskapen til å jobbe i Noreg. Prosjektet har hatt gode resultat og er no gjort permanent.

Nyhet