Ved utgangen av 2. kvartal var folketalet i Noreg 5 455 600 personar, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Noreg har ikkje hatt eit andrekvartal med folkevekst over 10 000 sidan 2017, eller over 15 000 sidan 2011. Folkeveksten på 20 000 er altså svært høg, samanlikna med same kvartal dei seinare åra.
I alt var det 26 100 innvandringar. Held ein ukrainarane utanfor, var innvandringstalet omtrent på same nivå som i same kvartal i fjor og åra føre, forutan i 2020 då det var strenge koronatiltak. Talet på utvandringar var 8 400, og dermed var nettoinnvandringa 17 700. Talet på utvandringar var 8 400, og dermed var nettoinnvandringa 17 700.
– Ved årsskiftet budde det 3 600 ukrainske statsborgarar i Noreg. Dette talet har no mangedobla seg, og ved utgangen av kvartalet var det 18 300, seier Magnus Haug.
Les hele saken: Innvandring frå Ukraina gav uvanleg stor folkeauke i 2. kvartal (SSB, 18.08.22)