Skip to main content
 

Industrien fryktar tapte jobbar utan utlendingar på plass

27. april 2020

Viss ikkje utanlandske arbeidarar snart kan vende tilbake til Noreg, fryktar industrien at også nordmenn mistar jobben i verfts- og offshoreindustrien. Fellesforbundet og Norsk Industri ber no regjeringa om hjelp til å avklare karantenereglar for utanlandske arbeidarar og betale kostnadene dei to vekene i karantene fører med seg.

Dei fleste av Fellesforbundets over 6.000 polske og baltiske medlemmer er permitterte og har reist heim som følgje av pandemiutbrotet. Men norske bedrifter treng tilgang på arbeidskrafta, både for å få fullført inngåtte kontraktar til avtalt tid og for å kunne kjempe om nye oppdrag.

Partane tek opp bekymringa i eit brev til arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H), med kopi til statsminister Erna Solberg (H).

«Norsk Industri og Fellesforbundet ønsker en omforent veileder for hele bransjen med klare kriterier for hvordan bedriftene skal håndtere karantenebestemmelsene,» skriv dei.

Tilrettelegging for karantene, alternative arbeidstider og inntektssikring ved karantene er moment partane ønskjer inn i ein rettleiar.

Les hele saken: Industrien fryktar tapte jobbar utan utlendingar på plass (Firda Tidend, 27.04.20)

Les brevet fra Fellesforbundet og Norsk Industri (pdf)

Relaterte temaer

 
Nyhet