Storingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) vil ha svar på om helseminister Bent Høie vil ta initiativ til å utarbeide ein nasjonale rettleiar for arbeidsinnvandrarar som bur i brakker. Bakgrunnen er det store koronautbrotet ved verftet i Leirvik. Siste tala viser 80 smitta, og alle er arbeidarar ved Havyard, eller i nær relasjon til desse.
– Arbeidslivet på kysten er avhengig av arbeidsinnvandring, og brorparten av arbeidarane kjem frå aust Europa som har høgre smittetal enn vi har i Norge.Det er lite som er gjort for å førebu næringslivet godt nok på korleis overhalde smittevernreglane på brakkeriggar, og det manglar nasjonale rettleiarar for det. Vil statsråden ta eit initiativ til å lage nasjonal rettleiar for brakkerigger? spør ho no.