Skip to main content
 

Gratis språkopplæring for arbeidsinnvandrarar i Valle kommune

22. august 2022

Arbeidsinnvandrarar kan delta i norskopplæringa på lik linje med andre innvandrarar, men då mot betaling. Valle kommune i Setesdal vil med bakgrunn i dette leggje til rette for gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrar komande skuleår.

Integreringslova slår fast at ulike innvandrargrupper skal få opplæring i norsk, men arbeidsinnvandrarar er ikkje omfatta av denne lova og har korkje rett eller plikt til opplæring i norsk. For Valle kommune er arbeidsinnvandring viktig  for å oppretthalde og utvikle næringslivet og lokalsamfunnet. Gode kunnskapar i norsk vil kunne gjere til at fleire kjem i arbeid og dei som alt er i arbeid,  kan nytte utdanning og erfaring frå heimlandet på ein betre måte.

Les hele saken: Gratis språkopplæring for arbeidsinnvandrarar (Valle kommune, 22.08.22)

 
Nyhet