Drygt to månader har gått sidan Khrono fortalte om den amerikanske professoren, som i ni år har vore fast tilsett ved UiT Noregs arktiske universitet. Tidlegare i år fekk han avslag på søknaden om permanent opphaldsløyve. Grunnen var at han hadde tatt eksterne oppdrag som sensor og hadde vore med i tilsettingskomitear.
Det meinte Utlendingsdirektoratet (UDI) var i strid med vilkåra i lova, og han fekk dermed avslag.
Jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen meiner UDI feiltolka lova. No har Utlendingsnemnda (UNE), som er klageinstans, konkludert: Parks får bli i Noreg likevel.
— Dette burde ha vore ei ikkje-sak. UDI har tolka lova på ein uheldig måte. Når vi ser på forarbeidet til lova og odelstingsproposisjonen frå 2006, er det klart at fulltidsarbeid åleine bør gi rett til opphald. Spørsmålet om unntak er ikkje relevant for denne gruppa av vitskapeleg tilsette, det er tiltenkt arbeidsfelt der deltidsjobbar er vanlege, for eksempel innan helsevesenet, seier Einarsen.
Regjeringa, ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), er for tida i gang med å «vurdere problemstillingen», mellom anna etter påtrykk frå Forskerforbundet.
Einingsleiar i UDI Opphold, Loubna Alshbib, seier at UDI kan vurdere å endre praksis.
— UDI legg til rette for ønsket om lovleg innvandring og sørgjer for at dei som oppfyller vilkåra, får kome til Noreg. Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager på saker som først har vore behandla av oss. Når UNE endrar våre vedtak, kan vi vurdere om det er grunnlag for å endre praksis, skriv Alshbib i ein e-post til Khrono.