Rapporten inneholder statistikk for inn- og utvandring, og den redegjør for ny politikk, inkludert tiltak i forbindelse med koronapandemien. Om sesongarbeidere skriver de (vår oversettelse):
Reisebegrensninger og andre smitteverntiltak på grunn av pandemien førte til begrenset tilgang for sesongarbeidere. Den norske regjeringen vedtok imidlertid midlertidige reguleringsendringer for å redusere negativ innvirkning på matproduksjonen og arbeidsmarkedene.
Rapport frå Noreg til OECD: Innvandring og integrering 2019–2020
Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten "Immigration and Integration 2019–2020 – Report for Norway to the OECD" er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.
Den siste rapporten dekkjer 2019 og i nokon grad 2020, særleg med omsyn til ny politikk. Rapporten er utarbeidd hausten 2020 av Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Utanriksdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Rapporten inneheld statistikk for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering som i all hovudsak byggjer på data frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet.
Les hele saken: Rapport frå Noreg til OECD: Innvandring og integrering 2019–2020 (Regjeringen, 22.12.20)