Utdrag fra innlegget:
Fair Play Bygg har i årevis rapportert om lovbrot, utnytting av arbeidstakarar, lønstjuveri, bedrageri og skattesvik i byggjenæringa og arbeidslivet elles. Mange av sakene råkar utanlandske arbeidstakarar som blir skada på jobb, svindla og utsette for maktmisbruk, somme gonger på, eller over, grensa for tvangsarbeid og menneskehandel.
Fair Play Bygg Norge arbeider for eit godt arbeidsliv og for å verne det norske tillitssamfunnet. Dette arbeidet er ein del av totalberedskapen. Desse spørsmåla ønskjer vi å løfte til diskusjon. Derfor er dette tema for seminar i Arendal 12. august