Skip to main content
 

Debatt: – Arbeidet mot akrim må prioriterast

01. desember 2023

– Kriminalitet er tal og statistikk, men bak statistikken er det menneske som blir utnytta og kriminelle som blir rike. Nokre av sakene vi i Fair Play Bygg Oslo og omegn arbeider med er sjokkerande grove, skriver Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn. Han meiner seriøse bedrifter og kommunepolitikarar i og utanfor Oslo må ta større ansvar for å førebyggje akrim.

Utdrag fra innlegget:

Fair Play Bygg er ein varslingskanal for akrim. Vi samlar inn informasjon og tek i mot tips. Både bedrifter og arbeidstakarar kjem til oss med informasjon. Fair Play Bygg har oppnådd å få tillit i ulike miljø av arbeidsinnvandrarar. Vi gir råd til korleis utnytta arbeidstakarar kan løyse sakene sine, kva huseigarar skal gjera når dei blir svindla og korleis byggherrar kan unngå kriminelle aktørar på byggjeplassane sine. Og vi sender varsel vidare i rette kanalar.

Det manglar ikkje på løfter og store ord når det kjem til å bekjempe akrim. Både politikarar og bedrifter brukar ofte pluss-ord som «sosial berekraft», men heldigvis er det også handling.

Likevel er det slik at akrim løner seg for dei kriminelle. Samfunnet tapar ti-tals milliardar.

Både seriøse bedrifter og kommunepolitikarar i og utanfor Oslo må ta større ansvar for å førebyggje akrim.

No er det vanskelege tider i byggjenæringa med høge renter og kostnader.

Det er eit svært dårleg tidspunkt å nedprioritere arbeidet mot kriminalitet i arbeidslivet.

Nyhet