Skip to main content
 

Ber arbeidsinnvandrarar stilla seg i vaksinekø

17. mars 2021

Øygarden kommune er redd for at arbeidsinnvandrarar ikkje har fått med seg at dei har rett på koronavaksine, og kor viktig det er å registrera seg i vaksinekø. Difor har dei nå laga informasjon på norsk, engelsk og polsk. Øygarden kommune samarbeider med Vest Næringsråd for å nå ut med informasjon til arbeidsinnvandrarane via medlemene til næringslivsorganisasjonen.

– Vi veit ikkje kor mange arbeidsinnvandrarar som er registrert, men vi mistenker at det er få på grunn av språkbarriere mellom oss, seier smittevernlege Jens Eikås, som understrekar:

– Alle over 18 år som er innbyggjar eller som oppheld seg i Øygarden kommune, skal ha tilbod om gratis koronavaksine.

No er kommunen klar med informasjonsmateriell om koronavaksinasjon på norsk, engelsk og polsk. I tillegg har kommunen laga klar ei førelesning som arbeidsgjevarar kan gå gjennom saman med arbeidarane.

– Målet med denne informasjonen er å nå ut til arbeidsgjevarar om å hjelpe arbeidstakarar som treng hjelp til registreringa, slik at dei får vaksinert seg, seier Eikås.

Les hele saken: Ber arbeidsinnvandrarar stilla seg i vaksinekø (Vest Næringsråd, 17.03.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet