Skip to main content
 

Arbeidsformidling til spanske sjukepleiarar

  • 13. september 2023

700 timar norskopplæring og eit rekrutteringsnettverk som spenner over fem land. Pablo Lanza, gründeren bak Global Working og dagleg leiar for selskapet, forsyner distrikts-Noreg med sjukepleiarar – og meiner han har løysinga på den norske helsepersonellkrisa.

Global Working er eitt av to selskap som tilbyr norskopplæring og arbeidsformidling til spanske sjukepleiarar.

Hittil i år ligg berre Danmark og Sverige over Spania i statistikken over antal autorisasjonar til utanlandske helsearbeidarar i Noreg.

– Den fyrste arbeidsplassen dei kjem til, vil nesten alltid ligge i distrikts Noreg. Gjerne på avsidesliggande plassar der mangelen på helsepersonell er størst, seier Lanza.

Der det er størst behov for arbeidskraft, er ofte krava til språkforståing lågare. I Noreg finst det ingen nasjonale språkkrav for helsepersonell med utdanning frå EU/EØS-området. Dermed står arbeidsgivarane frie til å setje krav sjølve, så lenge helsetilbodet kan betraktast som forsvarleg.

– Alle får ein jobbgaranti. Dei får to års kontrakt med eit vikarbyrå, med norsk lønn, betalt reise og bustad. Vi ordnar alt det byråkratiske; autorisasjon, papirarbeid, tilgang til ID-nummer, hjelp med banktenester og så vidare, fortel Rosi Molina Moreno, som er psykolog og rekrutteringskonsulent for selskapet.

Nyhet