Skip to main content
 

Trudde dei hadde løyst sjukepleiar-gåta

27. september 2023

Etter langvarig sjukepleiarmangel tilsette Høyanger kommune i fjor sju spanske sjukepleiarar i faste stillingar, men innan eitt år sa alle opp stillingane og flytte heim att.

Dei spanske sjukepleiarane vart rekrutterte til faste stillingar via eit rekruteringsbyrå. No har kommuen 10 tomme sjukepleiarstillingar og tomme søkarlister.

Leiaren i Norsk sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen, er ikkje overraska. Ho kritiserte i fjor kommunen for måten dei rekrutterte sjukepleiarar på.

– Vi er ei rikt land og det er ein global sjukepleiarmangel. Spania treng sine eigne sjukepleiarar. Noreg må klare å utdanne og halde på dei utdanna sjukepleiarane sine, seier ho.

Larsen meiner nøkkelen ligg i høgare løn. Ho peiker på at nær 17.000 utdanna sjukepleiarar står utanfor yrket i dag. For å gjere yrket attraktivt igjen for denne gruppa, må arbeidsgjevarar sikre høgare løn og betra arbeidsvilkår.

Nyhet