Skip to main content
 

Sauenæringa har greidd å gjennomføre vårklipping utan utanlandske saueklipparar

07. mai 2021

Før lamminga tek til må all sauen i Innlandet bli klipt, og både norske og utanlandske saueklipparar har pleid å gjere denne jobben. På grunn av korona og innreiserestriksjonar var det ikkje mogleg å få utanlandsk arbeidskraft i vår, og mange var spente på korleis dette skulle gå.

Da det vart klart at det ikkje gjekk an å få inn utanlandske klipparar, gjennomførte næringa ei skikkeleg mobilisering for å skaffe nok norske klipparar. Norsk Sau og Geit (NSG) og Nortura har samarbeidd godt for å skaffe norske saueklipparar og fordele dei som vi har. Elles har NSG gjennomført kurs i vinter for å lære opp fleire til å klippe sau. Klippesesongen er i tillegg strekt ut ved at klippinga i år starta i slutten av februar for at færre klipparar skulle rekke over alt.

Sauenæringa var trass alt litt betre førebudd i år enn i fjor, men usikkerheita rundt innreise førte til ein periode med stress og bekymring.

– I framtida må vi truleg satse meir på norske klipparar for å vere sjølvberga sier sauebonde Knut Evensen i Oppland Sau og Geit.

Statsforvaltaren i Innlandet gjev all ros til sauenæringa som har greidd å gjennomføre vårklipping utan utanlandske saueklipparar. Oppe i alle utfordringane for landbruket med å skaffe utanlandsk sesongarbeidskraft på grunn av innreiserestriksjonar, er dette ein gladsak som vi må ta med oss og glede oss over. Vi ønsker lykke til med lammesesongen som nå er godt i gang!

Les hele saken: Vel gjennomført vårklipping av sauen (Statsforvalteren i Innlandet, 07.05.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet