Skip to main content
 

Jusprofessor sjokkert over Mæland si forklaring om karantenehotell

29. april 2021

Jusprofessor seier at bruken av karantehotell er å sperre folk inne utan dom. Justisminister Monica Mæland (H) avviser at EØS-borgarar på karantehotell blir utsett for internering. – Me meiner sjølvsagt at dette er lovleg, og at det er i tråd med menneskerettane.

Fleire EØS-borgarar med lovleg opphald i Noreg har opplevde at dei har blitt vist bort, etter at dei kom tilbake frå reise til heimlandet.

Desse har vore på karantenehotell medan dei ventar på bli vist bort frå landet.

Ein av dei er Irma frå Litauen, som opplevde at ho at ikkje fekk kjøpe bleier og morsmjølkerstatning til sonen sin under opphaldet på karantehotell.

Gravide Girdvile Bucienkante kom ikkje inn i Noreg fordi offentlege etatar er usamde om kva det vil seie å vere busett i landet.

Under regjeringa sin pressekonferanse onsdag, kommenterte justisminister Monica Mæland (H) problemstillinga, etter at NRK hadde sett fokus på temaet. Mæland sa ho hadde forståing for at dette var inngripande tiltak. Trass i kritikken meiner ho at lov og retningslinjer er på regjeringa si side.

– Me har sjølvsagt gjort grundige juridiske vurderingar, men dette er ingen internering. Dette er for at me ikkje skal spreie smitte.

Jusprofessor Ole Gjems-Onstad er sjokkert over justisministeren si forklaring. Han meiner at reglane for karantenehotell ikkje er i tråd med den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Les hele saka: Jusprofessor sjokkert over Mæland si forklaring om karantenehotell (NRK Vestland, 29.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet