NRK Vestland, 06.10.20

Høie vil ikkje stramme inn koronareglane for arbeidsinnvandrarar

Høie vil ikkje stramme inn koronareglane for arbeidsinnvandrarar

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil ikkje stramme inn koronareglane for arbeidsinnvandrarar slik ordføraren i Hyllestad har bedt om etter utbrotet ved Havyard-verftet. Kommunelegar er særs kritiske til at utanlandske arbeidarar kan gå rett i jobb etter første negative prøvesvar. Dei fryktar større utbrot som i Hyllestad, der 80 til no er smitta av korona.

– Skulle vi ha stramma inn og for eksempel innført ingen unntak for karanteneplikta, så ville det ha veldig store negative konsekvensar for veldig mange hjørnesteinsbedrifter i Noreg. Ein kommune som Hyllestad ville bli veldig hardt ramma, seier Høie til Bergens Tidende.

Regelen i dag er at arbeidarar frå EU og EØS-land slepp innreisekarantene i arbeidstida om dei testar negativt for covid-19 når dei kjem til Norge. Om dei får ein ny negativ test etter to til fem dagar, kan dei sleppe karantene på fritida også.

Les hele saken: Høie vil ikkje stramme inn koronareglane for arbeidsinnvandrarar (NRK Vestland, 06.10.20)

Relaterte temaer

Relaterte nyheter

Forrige/neste