Skip to main content
 

Bønder med arbeidskraft frå utlandet må søke om løyve

01. februar 2021

Nyleg vart grøntnæringa definert som ei samfunnskritisk næring. Dette inneber mellom anna at arbeidarar frå utlandet kan få unntak frå innreiserestriksjonane. I dag møtte leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, med landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) for å få klar ei ordning for arbeidarane.

I tillegg til å få på plass skjema for utanlandske arbeidarar, vil næringa ha på plass ei ordning for arbeidarane som ikkje har kome seg heim etter førre sesong.

– Vi erfarer jo at det er om lag 200 framandarbeidarar som ikkje har moglegheit til å reise heim til eige land, og vi ber departementet om å finne ei løysing slik at dei kan bidra i arbeidet i grøntnæringa i tida som kjem, seier Bartnes.

Les hele saken: Bønder med arbeidskraft frå utlandet må søke om løyve (Nationen, 01.02.21)

Se også: Arbeidstakere i husdyr- og grøntproduksjon kan få innreisetillatelse (Landbruk24, 02.02.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet