Skip to main content
 

80 utanlandske arbeidarar koronasjuke i Vestnes trass negative testar frå heimlanda

27. januar 2021

Alle arbeidarane viste fram negative koronatestar då dei kom frå utlandet. Kort tid etter fekk 82 av dei påvist koronasmitte. Dette er det største utbrotet av utanlandske smitta i nokon kommune i landet etter jul. – Urovekkjande historie som viser at kontrollregimet ikkje fungerer, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Industrikommunen Vestnes er heilt avhengig av dei utanlandske arbeidarane for å halde produksjonen i gang. Nyleg kom nesten 1000 utanlandske arbeidare over grensa til Vestnes etter juleferien. Alle hadde testar som var stempla og signerte i heimlandet, og viste same resultat: ingen smitte. Men få dagar seinare har 82 av dei testa positivt for korona.

Ingen kan førebels seie kva som er grunnen til at det er så stort skilje mellom testresultata i utlandet og her i landet.

Det bur under 7000 menneske i Vestnes. Av dei 83 som er registrert med smitte etter jul, er berre ein fastbuande, resten er tilreisande til Vestnes og til nabokommunen Ålesund. Dei kjem frå land som Polen, Litauen, Italia og Romania.

Les hele saken: 82 utanlandske arbeidarar har testa positivt for korona – politiet har oppretta undersøkingssak (NRK Møre og Romsdal, 27.01.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet