Skip to main content
 

Venstre og MDG reagerer på at student blei kasta ut av landet

12. september 2024

Juliana Mattsson, ein student frå USA, blei utvist frå Noreg mens ho tok del i eit kulturutvekslingsprogram. Årsaka til utvisinga var at Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner at Mattson hadde tatt seg arbeid på garden. No blir saka hennar tema på Stortinget.

– Meiner statsråden at deltaking på denne type utvekslingsprogram i Noreg, som einaste land i Europa, skal sidestillast med arbeidsinnvandring slik at folk risikerer å bli arresterte og utvist frå Schengen?

Dette skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre i eit brev til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) datert den 9. september.

– Det må gå an å finne ein grenseoppgang slik at vi gjer unntak for denne typen verksemd, utan å tillate ulovleg arbeidsinnvandring, seier Bjørlo.

Heller ikkje stortingsrepresentant for Mijøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, er særleg imponert over måten UDI praktiserer lovverket på i denne saka.

– Kor i alle dagar er folkevitet i UDI? Dette er stivna byråkratisk dusteri med heilt urimelege konsekvensar, skriv han til NRK.

NRK har vore i kontakt Justisdepartementet for å kunne intervjue justisminister Emilie Enger Mehl om denne saka. Ministeren svarer via kommunikasjonsavdelinga si at ho ikkje kan svare før ho har svart på Alfred Bjørlo sitt spørsmål i Stortinget.

Nyhet