I byggebransjen er det normalt mange gjestearbeidarar.
– Mange av dei synest dei tener veldig lite når dei får betalt løn i kroner og skal veksle det om til zloty eller noko anna, seier Bjørnar Gulliksen, administrerande direktør i Isola.
Mange av arbeidarane har allereie flytta heim fordi det har vore for lite å gjere i byggjenæringa over tid.
Regiondirektør i NHO, Kristin Saga seier at deira medlemsbedrifter generelt slit fordi dei manglar folk.
– Mangel på kompetanse er det verste for våre bedrifter fordi det er helt avgjerande at ein har nok folk og riktig type kompetanse for å levere produkt og tenester.
6 av 10 bedrifter svarer i NHOs kompetansebarometer at dei manglar kompetanse for å skape dei resultata dei ønsker.
– Når kronekursen kjem oppå det, slik at ein heller ikkje klarer å få tak i den utanlandske arbeidskrafta ein elles har hatt godt av, blir problemet ekstra stort, seier Saga.