Skip to main content
 

UiO byggjer opp nettverk for partnarane til internasjonale tilsette

04. mars 2026

Dersom sambuaren til ein internasjonalt tilsett ikkje får jobb, risikerer Universitetet i Oslo å mista den tilsette og tapa fleire millionar kroner. Derfor byggjer UiO no opp ei organisert partnarstøtte.

På engelsk får det namnet UiO Dual Career & Spouse Network. Det skal ta opp tråden vidare frå det tidlegare arbeidet som UiO starta med i 2018, opplyser seniorrådgjevar Erland Nettum, på UiOs International Staff Mobility Office (ISMO)

Dei starta opp nettverket formelt i januar.

– Då fekk me straks 93 medlemar, fortel rådgjevar Mariann Kirkebø Eriksen som også arbeider i International Staff Mobility Office. No håpar ho at nettverket kan hjelpa partnarar med å engasjera seg i det sosiale miljøet på Universitetet i Oslo.

– Ulykkelege familiar vil slutta og dra sin veg

Flesteparten av dei som er med, forstår at dei treng råd og oppfylging for å koma seg inn i det norske samfunnet, fortel ho.

Nyhet