Skip to main content
 

SUA ikke oppdatert om Brexit-regler

04. september 2023

Det norsk-britiske forskarparet kom til Noreg for å jobbe på NTNU og Sintef. Først måtte dei trenge gjennom ein mur av mistru og mistenkeleggjering.

Som kjent er Storbritannia etter «brexit» ikkje lenger del av EU eller EØS. Det betyr at britar som vil bu og arbeide i Noreg må søke om å få opphaldskort etter reglane for dei som kjem utanfrå EU/EØS.

SUA-kontoret i Trondheim insisterte på at dei hadde fylt ut feil skjema. Det hjelpte lite å vise til stadfestingane frå UDI om at dei faktisk hadde fylt ut rett skjema.

SUA — servicesenter for utanlandske arbeidstakarar er eit samarbeid mellom UDI, Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten for å sørge for god service og rask saksbehandling for utanlandske arbeidstakar.

Nyhet