Regjeringa aukar budsjettet til Arbeidstilsynet i kampen mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Med auken som no blir føreslått, vil regjeringa ha styrkt Arbeidstilsynet med nesten 90 millionar kroner sidan 2021.
Regjeringa føreslår òg å auke støtta til Fair Play Noreg med to millionar kroner. Foreininga arbeider mot kriminalitet i arbeidslivet, med særleg vekt på byggjenæringa.
– Byggjenæringa er dessverre overrepresentert når det gjeld arbeidslivskriminalitet og useriøsitet. Difor er det heilt naudsynt at vi støttar aktørar som Fair Play Bygg, som gjer ein viktig innsats for å kjempe mot dette, sier Brenna.