Statsbudsjettet 2020: 25 millioner til tiltak mot useriøse arbeidsforhold og a-krim
07. oktober 2019
Regjeringa foreslår ei arbeidslivspakke på 25 millionar kroner for å møte utfordringane i arbeidslivet knytta til useriøse arbeidsforhold og arbeidslivskriminalitet, varsling og sikkerheit på norsk sokkel.
Dei konkrete tiltaka regjeringa foreslår er:
6 millionar kroner til Arbeidstilsynet for å følgje opp utsette næringar og verksemder
6 millionar kroner til Petroleumstilsynet for å følgje opp sikkerheita på sokkelen
8 millionar kroner til auka internasjonalt samarbeid for å motverke useriøse arbeidsforhold
2 millionar kroner til Arbeidstilsynets oppfølging av grensekryssande arbeidslivskriminalitet og internasjonalt samarbeid
3 millionar kroner knytt til ei nemndsløysning for saker om gjengjeld etter varsling