Skip to main content
 

Spørsmål til fiskeri- og havministeren

11. mars 2026

Ingrid Fiskaa (SV) spør fiskeri- og havministeren korleis regjeringa vil sikra at endringar i tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk ikkje fører til auka utflagging av norske skip, svekt rekruttering til maritime yrke og redusert nasjonal beredskap.

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i lov og forskrift om tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs.

Departementet føreslår mellom anna at reiarlag skal kunne søka om tilskot også for sjøfolk på skip registrerte i andre EU- og EØS-land.

Fleire aktørar i næringa har uttrykt uro for at forslaget kan svekka insentiva til å registrera skip under norsk flagg.

Ei utvikling med færre skip under norsk flagg kan få konsekvensar for både rekruttering til maritime yrke, norsk maritim kompetanse og den samla maritime klynga.

Fleire aktørar har derfor etterlyst ei grundigare konsekvensanalyse av verknadene før det eventuelt blir gjort endringar i ei av dei viktigaste ordningane for å sikra norsk flagg og norsk maritim kompetanse.

Nyhet