Skip to main content
 

Spørsmål om utvekslingsprogram i Noreg

09. september 2024

Alfred Jens Bjørlo (V) stiller spørsmål ved om utvekslingsprogram i Noreg skal likestillast med arbeidsinnvandring.

Ein 22-åring frå USA vart nyleg henta av politiet på eit småbruk i Innlandet og utvist frå Noreg, skulda for å arbeide ulovleg.

22-åringen deltok på eit studieopplegg i regi av den internasjonale utvekslingsorganisasjonen WWOOF, med aktivitet i over 130 land, for å lære om økologisk landbruk.

På bakgrunn av dette, spør Bjørlo om statsråden meiner deltaking i denne typen utvekslingsprogram i Noreg, som det einaste landet i Europa, skal likestillast med arbeidsinnvandring, slik at folk risikerer å bli arresterte og utvist frå Schengen.

Nyhet