Ved slutten av 2025 var 23 prosent av dei sysselsette i næringsmiddelindustrien arbeidsinnvandrarar eller sesongarbeidarar.
Andelen innvandrarar i bransjen steig kraftig etter at EØS-avtalen vart inngått og fram til midten av 2010-talet. Dei siste ti åra har det vore stabilt høg, og noko aukande grad av arbeidsinnvandrarar i næringsgruppa.
Men no har det vorte mindre attraktivt å reise til Noreg for å jobbe, på grunn av lågare kronekurs og høgare løn i heimlanda.
NHO omtalar det som ei «lita oppvakning» og noko viser at det er sårbart å basera verksemda på arbeidskraft frå utlandet.
– Likevel er spørsmålet kva ein elles skulle gjort. Det har vore vanskeleg å få tak i arbeidskraft i Noreg, særleg i sesong, seier Brubakk i NHO.
Brubakk trekk fram at det ikkje er samsvar mellom bedriftene sine behov og utdanningstilbodet i Noreg.
Søkjartalet på Vg2 Matproduksjon kvart år er på mellom 50 og 60 elevar.
Dersom Nortura åleine kjem til å trengja 885 nye tilsette innan 2035, treng dei i snitt over 100 nye fagarbeidarar i året.