Skip to main content
 

Selskap avtalte ikkje innleige med tillitsvalde: – Forsøk på å omgå lovendringane

22. mai 2023

I slutten av april inngjekk Kaefer Energy ei avtale om innleige frå bemanningsbyrå på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Det oppsiktsvekkande er at avtala er inngått med verneomboda på installasjonen, ikkje dei tillitsvalde for Fellesforbundet som ISO-selskapet (isolasjon, stillas og overflatebehandling) har inngått tariffavtale med.

Frå 1. april vart reglane for innleige stramma inn, og overgangsreglane for allereie inngåtte avtaler går ut 1. juli.

Da er det berre lovleg med innleige frå bemanningsbyrå når bedrifta har tariffavtale og ei skriftleg og tidsavgrensa avtale med tillitsvalde.

HR-sjef Thorbjørn Jensen viser i ein epost til at arbeidsministeren fleire gongar har stadfesta at avtaler om innleige kan bli inngått med andre grupper enn fagorganiserte.

Nyhet