I nasjonal samanheng ligg Vestlandet langt framme i frukt- og bærproduksjon, med sine regionspesifikke fortrinn. Samtidig har frukt- og bærdyrkarane i vest felles utfordringar som pandemien fekk tydeleg fram, mellom anna mangel på arbeidskraft i ein kort og intens sesong.
– Dei fleste bedrifter vil før eller seinare måtte omstille seg drastisk for å møte det digitale skiftet. Frukt- og bærdyrkarane er ikkje noko unntak, understrekar Grøtte.
Framsteg på felt som robotikk, stordata, plantevitskap og teknologi gjer det realistisk at robotar blir ein del av frukt- og bærproduksjonen. I mai inviterer Teknoløft Sogn og Fjordane til to dagars workshop om temaet, og til opning av eit testanlegg for robotar i Sogn.
Les hele saken: Robotar på veg inn i frukt- og bærnæringa (Vestlandsforsking, 25.04.22)