Skip to main content
 

Polske Monika forlèt Nordland på grunn av dårlege flytilbod

20. mai 2023

Monika Jonska (28) og Przemyslaw Rybczyk (30) er på flyttefot frå Bodø for å komme lettare heim til Polen. Hovudgrunnen er dei dårlege flysambanda til utlandet.

– Både Tromsø, Trondheim og Oslo har direktefly til Polen, men ikkje Bodø.

Berre for eit par år sidan hadde det mykje omtalte flyselskapet Wizz Air direkteruter til mellom anna den polske byen Gdansk.

Då dei trekte seg ut av Bodø i 2021 under korona, vart det dermed vanskelegare for arbeidsinnvandrarar å reise til heimlandet sitt.

– Det er ikkje berre vi som forlèt Bodø på grunn av dette. Nesten alle dei polske vennene mine skal forlate. Det gjorde det også enklare å ta dette valet.

Direktør i NHO Nordland, Daniel Bjarmann-Simonsen seier arbeidsinnvandring er viktig for å få den arbeidskrafta som Nordland og Nord-Noreg så sårt treng.

– Når arbeidsinnvandringa no har stoppa opp og fleire flyttar tilbake til heimlandet, så blir arbeidskraftbehovet enda mindre dekt enn det har vore.

Han seier dei jobbar for å behalde og skaffe arbeidsinnvandrarar, men at dyrare flybillettar og mellomlanding gjer reisa heim mindre tilgjengeleg.

Nyhet