Assisterande Økokrim-sjef Inge Svae-Grotli fortel at enkelte av dei som blir tekne rømmer landet:
– Ofte ser vi at useriøse aktørar i dag prøver å sleppe unna når dei blir oppdaga. Dei respekterer ikkje vedtak, forsvinn ut av landet eller opprettar eit nytt organisasjonsnummer (nytt selskap red. anm) sjølve eller via stråmenn. Slik fortset kriminaliteten, seier han.
Økokrim sine fem forslag:
- Tvangsmulkt og tvangsgrunnlag (Arbeidstilsynet kan kople inn politiet ved tvangsgrunnlag).
- Stansing og forbod mot aktivitetar omfatta av regelverket til vern av arbeidslivet.
- Administrativ førebyggande inndraging.
- Lovbrytar må ta kostnadane.
- Bistandsplikt for politiet.