Torsdag la Arbeidarpartiet fram ei punktliste over kva dei vil gjennomføre i løpet av dei 100 første dagane i regjering. Eitt punkt er å utvikle ein såkalla Norgesmodell med nasjonale seriøsitetskrav for offentlege innkjøp, som skal stoppe sosial dumping i arbeidslivet.
Byggforeiningane til Fellesforbundet i Oslo, Bergen, Telemark og Agder går ut med ei rekke krav. Målet med krava er å motarbeide svart arbeid, sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og utstrekt bruk av innleige.
Dei fire fagforeiningane har lang erfaring med å jobbe fram seriøsitetsmodellar i kommunar og fylke, som Telemarksmodellen og Oslomodellen.
Les hele saken: Norgesmodellen, nasjonale seriøsitetskrav for offentlege innkjøp: Fagforeiningar vil ha ei hand på rattet når nasjonale krav mot sosial dumping skal på plass (FriFagbevegelse, 18.06.21)