Skip to main content
 

NHO-sjefen: – Arbeidsinnvandring må bli ein viktig del av løysinga

21. februar 2022

NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid meiner det er på tide at nokon står opp for vindmøller, kraftkablar og arbeidsinnvandring.

– Eg er veldig redd for kompetansemangelen, seier han.

Heile seks av ti medlemsbedrifter i NHO seier dei ikkje får tak i ønskt kompetanse.

Og Almlid meiner arbeidsinnvandring må bli ein viktig del av løysinga.

– Vi må ikkje snakke om korleis vi skal halde folk ute av Noreg. Vi må snakke om korleis vi skal få fleire til å komme til Noreg og jobbe her, seier han.

NHO-sjefen trur realiteten vil vere at Noreg må konkurrere hardt med andre europeiske land om arbeidskrafta.

– Vi må ha ei storstilt marknadsføring av Noreg som stad å jobbe, seier han.

I tillegg må reglane for arbeidsinnvandring bli enklare, meiner NHO-sjefen.

– Bedriftene må i større grad sjølv få bestemme kven dei tek inn. I dag tek det for lang tid å få arbeidsløyve.

Les hele saken: NHO-sjefen: – Vi må tole meir (Nordre / NTB, 21.02.22)

 
Nyhet