– Politikken med frislepp av bemanningsselskap og fri flyt har gjort at fleire utanlandske arbeidarar som jobbar på Stord er tilsett i desse selskapa. Då er dei i ein rotasjonsordning som gjer at dei jobbar i to veker, og kan vere tre veker i heimlandet sitt, som Polen. Ein går glipp av mykje skatteinntekter ved å ha så mange i rotasjonsordning i staden for at dei flyttar til Stord og bidrar, seier ordførarkandidat for Raudt på Stord, Rose Maiken Flatmo.