Skip to main content
 

Meiner Skatteetaten må feie for eiga dør før dei åtvarar om svart arbeid etter gjenopninga: – Kven aksepterer halv løn?

29. september 2021

For ei drøy veke sidan gjekk Skatteetaten ut med ei trusselvurdering der dei åtvarer om meir arbeidslivskriminalitet og svart arbeid etter gjenopninga av landet. – Lang ventetid på skattekort for utlendingar er ein like stor fare for svart arbeid, meiner Torstein Osborg i Funksjonell AS.

Osborg er frustrert over å måtta trekkje femti prosent skatt av løna til dei latviske arbeidarane fordi dei ikkje har fått skattekort enno. Han fryktar at dei vil reise heim fordi dei blir trekt femti prosent i skatt inntil kortet er på plass.

For å få skattekort må kvar og ein av dei stille opp fysisk til både politiet for å få mellombels personnummer og til skattekontoret for å få skattekort. Men det er ikkje berre å stille opp. Dei må først bestille time på nett, og det er ikkje lett å få time.

– Vi har halde på sidan august, og vi har fått ein time. Og neste ledige time som vi ser er neste år!

– Når du kjem til Noreg skal du få skattekort omlag på dagen. Det må kunne gå i 2021! seier Lars Mamen, leiar for Fair Play Bygg, Oslo og omegn.

Divisjonsdirektør Marte Johanne Gjengedal i Skattetaten seier liten arbeidsinnvandring under pandemien det siste året er ei av årsakene til den lange ventetida på skattekort.

Les hele saken: – Kven aksepterer halv løn? (NRK, 29.09.21)

 
Nyhet