Skip to main content
 

Lønstjuveri: Argentinarar jobba med bilvask i Norge – fekk ikkje lønn på fem månader

23. juni 2023

Santiago Altamirano kom til Norge på eit arbeidsferieprogram i november. Han vart lova lønn til nye tidspunkt ti gongar, men fekk den først etter at Magasinet for fagorganiserte tok kontakt med arbeidsgivaren.

Santiago fortel si historie, sånn at ikkje arbeidsgjevaren skal sleppe unna med ikkje å betale folk lønn. – Det er viktig at nordmenn veit om sånne situasjonar, så folk ikkje trur at dette ikkje skjer med arbeidsinnvandrarar i deira land, seier han.

– Eg har snakka med mange argentinarar og arbeidsinnvandrar i Norge, og dei har mange dårlege opplevingar med manglande lønn. Det er mange historier. Men det vanlegaste er at ein får for lite lønn og må klage for å få utbetalt heile lønna.

– Om ikkje myndigheitene og fagforeiningane fiksar dette, kjem det til å bli dårlegare forhold i heile norsk arbeidsliv. Arbeidsinnvandrarar kan vere vande med dårlegare lønns- og arbeidsvilkår frå heimlandet, og arbeidsgivarane kan tenke at nokon vil ta jobben til ei lågare lønn. Eg trur mange nordmenn ikkje vil sjå det og tenker at dette gjeld nokon andre, seier Altamirano.

Nyhet