Også to andre personar prøvde i september å politimelde ein tidlegare arbeidsgivar for lønnstjuveri, hevdar Vidar Sagmyr i Byggebransjens Uropatrulje – eit samarbeid mot arbeidslivskriminalitet i bransjen.
Men Heimdal politistasjon i Trondheim ville ikkje ta imot meldinga.
Også Lars Mamen i Fair Play Bygg i Oslo fortel overfor Nettverk, medlemsbladet til EL og IT Forbundet, at han har opplevd at politiet avviste ei melding om lønnstjuveri.
– Eg trur politiet må ta nokre interne rundar på kva lova handlar om, seier Sagmyr.
Dei nye lovparagrafane om lønnstjuveri vart innført 1. januar i år. Lønnstjuveri er no tatt inn i straffelova og kan etter paragraf 395 straffast med bot eller fengsel inntil to år. Grovt lønnstjuveri kan etter paragraf 396 straffast med bot eller fengsel inntil seks år.
Så langt har tre saker om lønnstjuveri blitt behandla av politiet i Norge, og to saker lagt bort før etterforsking. Fair Play Bygg mistenker lønnstjuveri i 200 av 600 saker dei har registrert så langt i år. Mens Arbeidstilsynet har registrert 90 saker om lønnstjuveri. Ingen saker har hamna i domstolane.
Les hele saken: Emil har meldt arbeidsgivaren til politiet og bytta bransje: – Eg har fått nok (FriFagbevegelse, 11.11.22)