Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) krev at Kleven verft avsluttar samarbeidet med eit polsk verft. Ein nordkoreansk arbeidar skal ha omkomt under sveising på eit Kleven-skip ved verftet. I følge ein dokumentar laga av mediehuset Vice skal mannen ha jobba saman med fleire andre nordkoreanarar under svært dårlege arbeidsforhold.