Skip to main content
 

Innlegg: – Lønstjuveri: risikofri arbeidslivskriminalitet

04. juni 2020

– Lønstjuveri er den mest brukte metoden for arbeidslivskriminalitet i Noreg, og det har utvikla seg mafiatendensar i delar av arbeidslivet. Nye lovtekstar som gjer det straffbart å ikkje betala ut avtalt eller lovpålagt løn og andre godtgjersler bør inn både i Straffeloven, Arbeidsmiljøloven, Ferieloven og lovene som regulerer tenestepensjon, skriver Lars Mamen, daglig leder i Fair Play Bygg Oslo og omegn.

Utdrag fra innlegget:

Fair Play Bygg Oslo og omegn har, berre sidan oppstarten i januar 2019, levert over 330 varsel om a-krimsaker. Eit fleirtal av desse inneheld informasjon om sosial dumping og/eller lønstjuveri, ofte i kombinasjon med svart arbeid.  Det er nytta ei rekke ulike metodar for å gjennomføra lønstjuveri:

  • Ubetalt arbeid
  • Urettmessig trekk i løn
  • Payback
  • Uteblitt løn, feriepengar og pensjon
  • Ikkje innbetalt forskotsskatt
  • Tvangsarbeid

Staten har fleire etatar og institusjonar som skal følgja opp arbeidslivskriminalitet. Ulovleg profitt blir inndratt og det blir teke beslag i verdiar for å dekkja skattegjeld, gebyr og mulkter. Staten har maktmiddel til å sikra sine inntekter.

Om ein derimot er arbeidstakar og fortel at ein ikkje får utbetalt avtalt løn, vil etatane svara at det er eit forhold mellom arbeidstakaren og  arbeidsgivaren – eit privatrettsleg forhold. Staten har få verkemiddel mot denne forma for a-krim.

Gjennom straff, bøter og innkrevjing av ubetalt løn vil samfunnet kunne stenga ned a-krim-bedriftene,
skriver Lars Mamen.

Les hele innlegget: Lønstjuveri: risikofri arbeidslivskriminalitet (Agenda Magasin, 04.06.20)

 
Nyhet