Høyanger kommunestyre har samrøystes vedteke 15 punkt som tiltak mot sosial dumping og svart økonomi. Saka vart fremja av LO Ytre Sogn på bakgrunn av tilsvarande vedtak i Skien bystyre og Telemark fylkeskommune. Initiativet til saka kom etter at Arbeidstilsynet avdekka at arbeidarar frå Litauen som jobba ved Stathelle skole i Bamble tente 36 kroner i timen.