Skip to main content
 

Fylket skil seg ut med aller størst mangel på arbeidskraft i landet

28. mai 2026

Vestland har stor mangel på arbeidskraft, viser årets bedriftsundersøking frå Nav. Kvar fjerde arbeidsgivar har ikkje kome i mål med rekruttering. Framfor alt manglar det folk med fagbrev til helsesektoren og bygge- og anleggsbransjen.

– Mange aktørar i bygg og anlegg har hatt tøffe tider etter den pengepolitiske innstramminga dei siste åra, samstundes som dei manglar fagfolk. Me ser dette i samanheng med lågare tilgang på utanlandsk arbeidskraft, særleg frå Aust-Europa, seier Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.

Både elektrikar, tømrar og helsefagarbeidar ligg høgt på lista. Nav samarbeider med Vestland fylkeskommune og ulike bransjar om kvalifisering for å matcha kandidatar som ønsker seg ut i jobb med bedrifter som treng arbeidskraft. Blant desse er Menn i helse og Fagveg.

Nyhet