Skip to main content
 

Framandarbeidarane blir tvinga ut i bustadmarknaden i august

27. august 2022

Det er ikkje berre studentar som slit med bustad i august 2022. I eit gammalt brakkebygg på Strømmen bur det 50 menn frå Polen, Litauen, Romania, og mange andre land. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar. I slutten av månaden må alle saman flytte ut.

Varselet kom 13. juli, på norsk, då dei aller fleste av bebuarane var på ferie og besøkte familie. Eigedomsfirmaet seier det hadde vore vanskeleg å seier frå til dei tidlegare.

– Når vi fekk beskjeden og vi måtte avvikle verksemda der, så sa vi frå så fort som mogleg, seier Kenneth Johansen Skaarud, prosjektleiar i eigedomsfirmaet Stor-Oslo eiendom.

Nokre har arbeidsgivarar som kan hjelpe dei, men andre kjem til å stå på bar bakke i slutten av månaden.

Les hele saken: Med ein månad varsel må 50 personar ut frå brakkehyblane sine (NRK Oslo og Viken, 27.08.22)

 
Nyhet